Gå direkte til innhold
 

Om Noregs forskingsråd

Noregs forskingsråd er styresmaktenes sentrale rådgivar i forskingspolitiske spørsmål og fordeler årleg vel ni milliardar kroner til forsking og innovasjon. Forskingsrådet arbeider for auka internasjonalt samarbeid og auka deltaking i EUs forskings- og innovasjonsprogram. Forskingsrådet skaper møteplassar for og dialog mellom forskarar, brukarar av forsking og aktørar som finansierer forsking. 

Forskingsrådets rolle

Forskingsrådet skal tilføre forskingssystemet meirverdi gjennom å realisere forsking som aktørane i forskingssystemet kvar for seg ikkje kan få fram.

Her finn du oss

Noregs forskingsråd held til i Drammensveien 288 på Lysaker. I tillegg har Forskingsrådet regionkontorer i Noreg og representasjon i Brussel.

Organisasjon

Forskingsrådet er inndelt i fem divisjonar: Vitskap; Samfunn og helse; Energi, ressursar og miljø; Innovasjon og Administrasjon.

Forskingsrådets styre

Hovudstyret blir valt for fire år om gongen. Leiar for Forskingsrådets øvste organ er Henrik O. Madsen.
Fant du det du lette etter?