Gå direkte til innhold
 

Forskingsrådets prisar for unge framifrå forskarar

Forskingsrådets prisar for unge framifrå forskarar skal lønne høg kvalitet, sjølvstende og fagleg nyskaping og skal stimulere prisvinnarane tidleg i karriera til vidare innsats og satsing på forsking.

Prisane blir tildelte innanfor desse fagområda:

  • humaniora og samfunnsvitskap
  • medisin, helsefag og biologi
  • matematikk, naturvitskap og teknologi

Prisane består av ein sum på 500 000 kroner som blir tildelte vinnarane innanfor kvart av dei tre fagområda.

Prisane er opne for unge forskarar innanfor alle fag og disiplinar, også for tverrfagleg forsking. Prisvinnarane må vere yngre enn 38 år ved nominasjonsfristen 15. oktober. Permisjonar, verneplikt og langvarig sjukefråvere osb. blir trekt frå alderen. Dersom det er aktuelt med fråtrekk for alder (pga. permisjonar o.l.), les Utdypning av grunnlag for fratrekk PDF - 126 KB .

Ønskjer du å nominere ein eller fleire kandidatar, må du bruke denne malen DOCX - 27 KB . Berre forslag som blir fremja på malen, blir vurderte. Det er ikkje høve til å nominere seg sjølv. Forslag til kandidatar kan du sende til forskningsprisen@forskningsradet.no.

Juryen for Forskingsrådets prisar for unge framifrå forskarar

  • Professor Ingvild Gilhus, Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, UiB, leiar
  • Professor Margareta Bertilsson Sociologisk institut, Københavns universitet
  • Professor Anne Simonsen Institutt for medisinske basalfag, UiO
  • Professor Bjørn Munro Jenssen Institutt for biologi, NTNU
  • Professor Anders Schomacker, Institutt for geologi, UiT
  • Professor Antti-Pekka Jauho, Institutt for Mikro- og Nanoteknologi, Danmarks Tekniske Universitet
Publisert:
15.04.2016
Sist oppdatert:
26.10.2017